Nye Volda kommune
Volda og Hornindal kommunar skal slå seg saman innan 01.01.2020.
I denne tidslinja kan du få oversikt over dei viktigaste høgdepunkta i prosessen fram mot ny felleskommune i 2020.;xNLx;;xNLx;For fleire nyheiter og informasjon om samanslåingsprosjektet, kan du også klikke deg inn på www.nyevolda.no, som er dei to kommunane sin offisielle nettstad for samanslåinga.
2016-04-15 14:45:58
Intensjonsavtale Hornindal, Stryn, Volda
Ordførarane i Hornindal, Stryn og Volda signerte ein intensjonsavtale om å slå seg saman, der kommunenamnet skulle bli Stryn-Volda.
2016-06-28 00:00:00
Vedtak om samanslåing
Hornindal og Volda kommunar vedtek i sine respektive kommunestyre at kommunane skal slå seg saman.
2016-08-25 13:35:05
Møte med Fylkesmannen
Forhandlingsnemndene, rådmenn, sakshandsamarar og tillitsvalde i Hornindal kommune og Volda kommune hadde felles møte med fylkesmennene i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
2016-11-10 13:35:05
Konstituering av førebels fellesnemnd
Den førebels fellesnemnda for den nye kommunen har sitt første møte, og konstituerer seg sjølve.
2017-01-19 13:35:05
Fellesmøte med leiarane
Leiarane i dei to kommunane møttest for første gong til eit felles møte.
2017-03-07 13:35:05
Fellesmøte med dei tillitsvalde
Dei tillitsvalde i dei to kommunane møttest. Rune Sjurgard, rådmann i Volda og Ann Kristin Langeland, rådmann i Hornindal, gjekk gjennom prosjektplan og viktige milepælar framover.
2017-03-09 11:35:05
Oppnemning av Heraldikk-komité
Førebels fellesnemnd oppnemner medlemmer til Komiteen for nytt kommunenamn og heraldikk. Frå Hornindal: Rolf Taraldset og Siv Madeleine Kristensen. Frå Volda: Kari Hasle og Odd A. Folkestad. Jon Tvinnereim er valt som leiar.
2017-05-11 11:35:05
Organisasjonsutvalet startar opp
Organisasjonsutvalet, som skal danne den nye politiske strukturen i den nye kommunen har sitt første møte. Representantane i dette utvalet er Jørgen Amdam (leiar), Rebecca Riise Bjerknes og Arild Iversen frå Volda, og Eldar Engelund, Per Maurset og Stig Olav Lødemel frå Hornindal.
2017-05-18 11:35:05
Innstiller på Volda kommune
Namnenemnd legg fram si innstilling til nytt kommunenamn, som vart "Volda".
2017-06-01 11:35:05
Felles kommunestyremøte
Dei to kommunestyra møttest for første gong til eit felles kommunestyremøte. Etter møtet gjekk kvar kommune til sitt for å røyste over dei same sakene; mellom anna nytt kommunenamn. Kommunane røysta for at namnet skulle blir Volda kommune også etter 2020.
2017-06-08 10:31:42
Stortingsvedtak
Stortinget vedtek kommunereforma, der 426 kommunar skal reduserast til 354 innan 1. januar 2020.
2017-06-20 11:35:05
Offisiell konstituering av fellesnemnda
Etter stortingsvedtaket 8. juni konstituerte fellesnemnda seg offisielt. Denne nemnda er no juridisk og økonomisk ansvarleg for bygginga av den nye kommunen.
2017-09-14 16:36:26
Oppnemning av temakomité for kulturbygging
Fellesnemnda vedtok å opprette ei temagruppe som skal jobbe med ekstern kulturbygging i Hornindal og Volda. Politikar Odd Harald Sundal vart vald som leiar for gruppa.
2017-11-16 15:54:02
Innstilling til nytt kommunevåpen
Temakomite for nytt kommunenamn og Heraldikk la fram si innstilling til kommunevåpen for Nye Volda. Forslaget byggjer på ei kombinasjon av begge dei to kommunevåpena til eksisterande Volda og eksisterande Hornindal kommune.
2017-12-19 10:45:51
Forskrift om samanslåing
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) fastset forskrift om samanslåing av Hornindal kommune og Volda kommune frå 01.01.2020. Namnet på den nye kommunen er Volda kommune. I tillegg til å fastsette namn på den samanslåtte kommunen og tidspunkt for når samanslåinga trer i kraft, fastset forskrifta talet på medlemer i kommunestyret. Vidare blir det gitt overgangsreglar for lokale forskrifter, kommunale planar og reglar om forliksråd og eigedomsskatt.
2018-02-14 12:00:00
Stormøte i Honndalshallen
Leiarar, mellomleiarar og hovudtillitsvalde i Hornindal og Volda kommunar deltok på eit stormøte der forslag til ny administrativ organisering vart gått gjennom. Dette var siste samling før forslag til ny organisering vart lagt ut på høyring.
2018-03-01 13:02:09
Høyring: organisasjonskart
Prosjektleiarens forslag til ny administrativ hovudstruktur ligg ute på høyring.
2018-03-23 15:45:30
Innstilling til grensejustering (Bjørke)
Fylkesmannen i Møre og Romsdal kom med si innstilling til grensejustering ved Bjørke/Viddal. I innstillinga tilrår Fylkesmannen å flytte Bjørke og Viddal over til Nye Volda.