Volda-Ørsta kommune

2014-06-18 15:56:55

Reformen vert sett i gang

Arbeidet med nye kommunegrenser er i gang og i juni 2014 seier Stortinget ja til at det er nødvendig med ei kommunereform. Les kva Regjeringa seier om kommunereformen under "Find out more"

2015-11-01 21:14:07

Sonderingane startar

Ørsta og Volda startar dei første sonderingane i november 2015

2016-01-20 21:14:07

Felles kommunestyremøte

Første felles kommunestyremøte mellom Ørsta og Volda der saka om ein ny kommune vert drøfta.

2016-01-29 21:14:07

Første forhandlingsmøte

Forhandlingsnemndene møtest for første gong til det aller første forhandlingsmøtet om ein intensjonsavtale. Les kva Møre-Nytt skreiv om møtet under "Find out more"

2016-02-29 23:13:20

Avtale og økonominotat vert sendt ut

Utkast til intensjonsavtale og økonominotat vert sendt ut til formannskap og delt med innbyggarane i Ørsta og Volda. Sjå økonominotatet her: Klikk på "Find out more" og du får opp heile notatet. Intensjonsavtalen ligg i boksa for "Kommunestyremøte" 21. april

2016-03-15 19:17:25

Intensjonsavtalen blir signert

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, og ordførar i Ørsta, Stein Aam, signerer intensjonsavtale om ein ny Volda-Ørsta kommune. Les kva Sunnmørsposten skreiv om saka under "Find out more"

2016-03-31 12:30:00

Fellesmøte

Felles kommunestyremøte for Ørsta og Volda. Kommunestyra i Ørsta og Volda møttest på Ørsta samfunnshus til felles møte om kommunereform på Ørsta kulturhus. Geir Vinsand frå Nivi Analyse tek del på møtet. Les under "Find out more" kva Møre-Nytt skreiv frå møtet.

2016-04-11 12:59:48

Skulekonkurranse i Volda

I veke 15 arrangerer ungdomsrådet i Volda konkurranse mellom skuleklassene på ungdomsskulane og Volda vidaregåande skule om kommunereform. Vinnarane vert kunngjort 11. mai.

2016-04-11 15:28:27

Skulequiz i Ørsta

I veke 15 arrangerer ungdomsrådet i Ørsta skulequiz om kommunereform på ungdomsskulane og Ørsta vidaregåande skule. Vinnarane vert offentleggjort 18. april.

2016-04-18 15:28:27

Instagramkonkurranse

Ungdomsrådet i Ørsta startar opp instagramkonkurranse. Konkurransen går fram mot folkeavstemminga, bilda skal merkast med eigen emneknagg og skal handle om kommunereform og dei to kommunane Ørsta og Volda.

2016-04-21 20:50:50

Kommunestyremøte

Kommunestyra i Ørsta og Volda sa ja til intensjonsavtalen og at den skal leggast ut til rådgjevande folkeavstemming. Les heile her:

2016-04-27 14:39:14

Elevmøte Ørsta

Elevmøte i Ørsta onsdag 27. april klokka 12-13

2016-04-29 15:28:27

Stem på førehand

Dersom du ikkje kan gi di stemme på sjølve valdagen, kan du stemme på førehand. Det gjeld i perioden 29. april til og med 13. mai. Det er også muleg å stemme via brev. Du kan få meir informasjon om det på kommunane si heimeside eller ved å ta kontakt med servicekontoret i din kommune. Ørsta kommune: 70 04 97 00, Volda kommune: 70 05 87 00

2016-05-02 19:08:39

Folkemøte i Austefjord

Mandag 2. mai er det folkemøte i Austefjord. Ordførarane Stein Aam og Jørgen Amdam orienterer om intensjonsavtalen for Volda-Ørsta kommune. Debatt.

2016-05-02 19:08:39

Ordførarmøte på biblioteket

2. mai klokka 17-19 kan du treffe ordførar Jørgen Amdam på Volda folkebibliotek for å spørje han om det du måtte lure på om kommereform og anna.

2016-05-03 21:55:56

Folkemøte i Volda

Folkemøte på Volda samfunnshus om kommunereforma. Tirsdag 3. mai klokka 19-21.

2016-05-04 19:08:39

Ordførarmøte på biblioteket

4. mai klokka 15.-16.30 kan du treffe ordførar Stein Aam på Ørsta folkebibliotek for å spørje han om det du måtte lure på om kommunereforma og anna.

2016-05-07 14:39:14

Ordførarturne på kafe

Ordførarane i Ørsta og Volda går på kaferunde laurdag 7. mai kl 11-16 og snakkar med folk om kommunereform og intensjonsavtale. Ordførarane startar i Ørsta på Amfi og Fru Svendsen og held fram i Volda på Valaker og Spinneriet.

2016-05-10 21:55:56

Folkemøte i Ørsta

Folkemøte på Ørsta kulturhus om kommunereforma. Tirsdag 10. mai klokka 19-21.

2016-05-11 19:08:39

Ordførarane på biblioteka

Ordførar i Ørsta, Stein Aam, møter på Ørsta folkebibliotek klokka 15-16.30 medan ordførar i Volda, Jørgen Amdam, møter på Volda folkebibliotek klokka 16-17.30. Her kan du spørje dei om det du måtte lure på om kommunereform og anna.

2016-05-11 20:16:46

Infomøte Volda ungdomsskule

Volda ungdomsråd arrangerer informasjonsmøte med tema kommunereform. Møtet vert i aulaen på Volda ungdomsskulen kl 17-21 og har temaet kommunereform retta mot ungdom. Dette skjer i samarbeid med varaordførar Fride Sortehaug. Ørstaungdomen vert invitert.

2016-05-12 19:08:39

Folkemøte på Vartdal

Torsdag 12. mai kl 19 er det folkemøte på Vartdal på forsamlingshuset Varden. Ordførarane i Ørsta og Volda møter for å orientere om intensjonsavtalen. Det blir også tid til debatt.

2016-05-19 15:28:27

Folkeavstemming

Dørene opnar i stemmelokala og innbyggarane i Ørsta og Volda skal gi råd om kommunegrensene i ei folkeavstemming. Det vert annonsert nærare om opningstider og stemmelokale. I Volda kan du stemme på dei same stadane som under kommunevala. Det gjeld også i Ørsta med unntak av Ørsta sentrum der det vert nytt vallokale.

2016-06-16 23:12:48

Ja eller nei frå kommunestyra?

Kommunestyra i Ørsta og Volda skal avgjere kva dei meiner om ein ny Volda-Ørsta kommune

2016-07-01 15:26:07

Frist for vedtak til Fylkesmannen

Frist for innsending av vedtak til fylkesmannen. Les Fylkesmannen sin presentasjon om prosessen under "Find out more"

2016-09-30 13:48:04

Fylkesmannen skal seie sitt

Fylkesmannen ferdig med vurdering av kommunestruktur for heile Møre og Romsdal. Vurderinga skal vere basert på vedtaka i kommunane.

2017-05-01 10:44:19

Stortinget bestemmer

I mai 2017 skal Stortinget gjere endeleg vedtak om nye kommunegrenser.

2019-09-09 18:24:06

Kommunestyreval

Kommunestyrevalg for ein eventuell ny Volda-Ørsta kommune.

2020-01-01 15:28:27

Ein ny kommune?

Ein ny Volda-Ørsta kommune vil verte gjeldande frå 1. januar 2020.

Volda-Ørsta kommune

Launch
Copy this timeline Login to copy this timeline 3d Game mode

Contact us

We'd love to hear from you. Please send questions or feedback to the below email addresses.

Before contacting us, you may wish to visit our FAQs page which has lots of useful info on Tiki-Toki.

We can be contacted by email at: hello@tiki-toki.com.

You can also follow us on twitter at twitter.com/tiki_toki.

If you are having any problems with Tiki-Toki, please contact us as at: help@tiki-toki.com

Close

Edit this timeline

Enter your name and the secret word given to you by the timeline's owner.

3-40 true Name must be at least three characters
3-40 true You need a secret word to edit this timeline

Checking details

Please check details and try again

Go
Close